Hopp til innhald

Marit Nybakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Nybakk

Fødd14. februar 1947 (77 år)
Nord-Odal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
InstitusjonarNorsk Tjenestemannslag
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Marit Nybakk (fødd 14. februar 1947 i Nord-Odal i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho representerte valkrinsen Oslo på stortinget frå 1986 til 2017, siste fire år var ho stortinget sin visepresident.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Nubakk vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1989, var vald inn i 1985 som vararepresentant, og møtte for Gro Harlem Brundtland frå 9. mai 1986. Ho vart fast representant 26. februar 1987 etter bortgangen til Knut Frydenlund.

8. oktober 2009 vart Nybakk vald til 3. visepresident i Stortinget. Ho vart i 2013 1. visepresident i Stortinget. Nybakk var president i Nordisk råd i 2013.

Nybakk vart i 2016 vald til leiar i Norsk Kvinnesaksforening.[1]

«Jeg vet at min generasjon har fått de politikere vi fortjener, men våre barn kan umulig ha fortjent politikere som Marit Nybakk», skreiv gjesteskribent Finn Holmer-Hoven i Skolefokus nr 7/1997.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]
  1. Marit Nybakk ny leder i Norsk Kvinnesaksforening, kvinnesak.no

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]