Magnetisk monopol
Magnetisk monopol er ein hypotetisk partikkel med isolert nordpol- eller sørpolmagnetisme. Ifølgje klassisk elektromagnetisme oppstår magnetfelt ved at elektriske ladningar rører seg. Uansett om denne rørsla føregår som makroskopiske straumar i spolar, eller som atomære straumar i magnetiske material, vil det alltid opptre like mykje nordpol- som sørpolmagnetisme i eit system. Teoretisk representerer dette ein usymmetri i tilhøve til elektriske felt, som kan utgå frå isolerte positive eller negative ladningar. Forsøk på å finne ei teoretisk grunngjeving for kvantiseringa av den elektriske ladningen, som alltid opptrer i multiplum av elementærladningen, har ført til ein teori for magnetiske monopol, men trass iherdige eksperiment har det hittil ikkje lukkast å påvise dei.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- magnetisk monopol. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/magnetisk_monopol