Magnetisk levitasjon
Utsjånad
Magnetisk levitasjon eller maglev er heving av ein lekam ved hjelp av magnetfelt, slik at han kan røre seg utan friksjon. Magnetisk trykk vert nytta til å motverke effektane av gravitasjon og andre akselerasjonar.
Earnshaw-teoremet beviser at ved å berre nytte ferromagnetiske eller paramagnetiske stoff er det umogeleg å levitere ein lekam stabilt mot tyngdekrafta, men servomekanismar, diamagnetiske stoff, superleiing eller system som omfattar virvelstraumar gjer at ein kan oppnå den naudsynte stabiliteten.
Jarnbanar basert på dette prinsippet er i drift mellom anna i Tyskland og Japan og vert kalla maglev eller magnetbane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «magnetisk levitasjon» i Store norske leksikon, snl.no.