Mørjefjorden
Utsjånad
Mørjefjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Mørjefjorden 59°01′14″N 9°50′06″E / 59.02044°N 9.83506°E |
Mørjefjorden er ein fjord i innseglinga til Grenland, på grensa mellom kommunane Porsgrunn og Larvik i Telemark fylke. Han er 4,5 km lang, og strekkjer seg frå vestsida av Mølen i nærleiken av Helgeroa og inn til Sildevika ved Mørje. Håøya ligg på austsida av den ytre delen av fjorden. På andre sida av Håøya ligg Langangsfjorden.
Etter Snorre sine forteljingar kan det sjå ut som det var her Olav den heilage i det store sjøslaget ved Nesjar sigra over Svein Håkonsson Ladejarl palmesøndag i 1016.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mørjefjorden» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2008.