Lucienne Schmith-Couttet
Lucienne Schmith-Couttet | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 27. november 1926 Chamonix |
Død | 4. oktober 2022 (95 år) Chamonix |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1948 |
Lucienne Schmith-Couttet (27. november 1926–4. oktober 2022) var ein fransk skirennar, fødd i Chamonix. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1954.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Schmith vart i 1946 og 1948 fransk meister i slalåm. I 1948 deltok ho i dei olympiske vinterleikane i St. Moritz og vart som best nummer ti i utfor. Året etter vann ho både utfor, slalåm og dermed også kombinasjonen ved Harriman Cups i USA-amerikanske Sun Valley. Same sesongen vart ho kanadisk meister i slalåm og i kombinasjon. Ved dei såkalla SDS-renna i Grindelwald fekk ho i åra 1949-54 fem pallplasseringar, mellom dei kombinasjonssigeren i 1954.
Ved verdsmeisterskapen 1950 i Aspen i USA vann Schmith-Couttet bronsemedaljen i storslalåm. Fire år seinare vart ho den fyrste franske kvinna som vann gullmedaljen i eit alpint verdsmeisterskap. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho verdsmeister i storslalåm og ho tok bronsemedaljen både i utfor og i kombinasjonen.
Ho var gift med den franske skirennenaren James Couttet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lucienne Schmith» frå Wikipedia på tysk, den 6. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lucienne Schmith-Couttet i fis-ski.com
- Lucienne Schmith-Couttet i olympedia.org