Linga ved Yell
Linga | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 56°29′N 1°00′W / 56.49°N 1.0°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 0,45 km²
|
Høgaste punkt | 26 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Linga er ei lita, folketom øy i Bluemull Sound i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er ei av mange øyar ved Shetland med dette namnet. Øya er 0,45 km² stor og det høgaste punktet ligg 26 meter over havet.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Linga består av grov glimmer-skifer og gneis.[1] Øya ligg aust for Yell, nær landsbyen Gutcher. Mellom Linga og Yell ligg Linga Sound. Øya Unst ligg i nordaust. Sound Gruney, Urie Lingey ligg i søraust og Hascosay i sør. Det er lite ferskvatn på øya.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det vert sagt at Jan Tait frå Fetlar ein gong heldt ein bjørn på øya og at dette vert minnast i stadnamnet Bear's Bait. Jan skal ha kome frå Noreg, der han vart stilt for tinget for ha teke livet av nokon, men han fekk nåde fordi han hadde fanga denne bjørnen, som hadde skapt problem i lengre tid.[1]
Det står eit tomt kapell på øya.
Dyre- og planteliv
[endre | endre wikiteksten]Til å vere ei øy som på norrønt heitte «lyngøya», veks det særs lite her. Ein finn noko oter, lomvi og sel på øya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linga, Yell» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.