Las Rozas de Madrid
Utsjånad
Las Rozas de Madrid | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Autonom region | Madrid | ||
Provins | Madrid | ||
Borgarmeister | Bonifacio de Santiago | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
59,14 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
83 428 1 410,7 /km² | ||
Koordinatar | 40°29′N 3°52′W / 40.483°N 3.867°W | ||
Høgd over havet | 718 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 28230 - 28232 og 28290 | ||
Nettstad: www.lasrozas.es |
Las Rozas de Madrid (eller berre Las Rozas) er ein av dei større byane og kommunane i Regionen Madrid i Spania. Han har kring 85 000 innbyggjarar og ligg kring 18 km nordvest for Madrid. Kommunen grensar til Torrelodones i nord, Villanueva del Pardillo og Galapagar i vest, Monte del Pardo (Madrid) i aust og Majadahonda i sør.
Las Rozas har ein av dei høgaste inntektene per innbyggjar i Regionen Madrid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I følgje somme historikarar kan Las Rozas ha vore den gamle Miacum, namnet på byen som Madrid utvikla seg frå. Las Rozas vart grunnlagd langs vegen som gjekk frå Segovia til Titulcia.
Under den spanske borgarkrigen var området åstad for store slag, og det finst framleis bunkerar frå denne tida att i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Las Rozas de Madrid» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2009.