L’Hospitalet de Llobregat
L'Hospitalet de Llobregat | |||||
---|---|---|---|---|---|
Klokketårnet på domkyrkja ved elva. | |||||
| |||||
Kallenamn «L'H» | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Catalonia | ||||
Provins | Barcelona | ||||
Grunnlagd | 1100-talet | ||||
Borgarmeister | Núria Marín Martínez | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
12,49 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
261 310 20 921,5 /km² | ||||
Koordinatar | 41°21′N 2°6′E / 41.350°N 2.100°E | ||||
Høgd over havet | 27 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.l-h.cat |
L'Hospitalet de Llobregat, eller berre L'Hospitalet, er ein by som ligg like sørvest for Barcelona i Catalonia i Spania. Ut frå folketal er han den nest største byen i Catalonia med kring 260 000 innbyggjarar. L'Hospitalet de Llobregat er kjend for å vere den mest folketette byen i heile Spania og i heile Den europeiske unionen med nesten 21 000 innbyggjarar per kvadratkilometer.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har funne spor etter folk i området frå steinalderen. Det er òg funne spor etter romarane frå 100-talet f.Kr., som ein gravdekorasjon av hovudet til Medusa som i dag er utstilt på arkeologisk museum i Barcelona. Det var først på 900-talet at det dukka opp skriflege kjelder til Provençana, som var det opphavlege namnet på byen. Det noverande namnet kjem frå katalansk og kjem av eit herberge ved kyrkja Santa Eulalia de Provençana, som vart nytta av pilegrimar i mellomalderen. Byen vart verande ein landsby fram til 1800-talet då dei første tekstilfabrikkane vart bygd og folketalet auka. I 1960- og 1970-åra opplevde byen ein ny stor folkeauke då folk flytta hit frå fattiga område i Spania. Nødvendige tiltak for å byggje ut skular, bustader og infrastruktur vart derimot ikkje gjennomført før i 1990-åra.
Den svenske målaren og anarkisten Ivan Aguéli, som konverterte til islam og sufisme, døydde her, påkøyrt av eit tog i 1917.