Lækjemiddel
Utsjånad
Legemiddel, lækjemiddel, medisin eller medikament er farmasøytiske produkt som kan førebygga, lega eller lindra sjukdom, skader eller ulike symptom hjå menneske eller dyr. Ein har laga naturpreparat som botemiddel i uminnelege tider, men i dag er desse midla vanlegvis standardiserte spesialpreparat som blir syntetisk framstilte på faramsøytiske fabrikkar og selde på apotek. Mangelegemiddel er regulerte ved at ein lege, tannlege eller veterinær må skriva ut resept på dei. Andre er reseptfrie.
Stoff rekna som legemiddel i Noreg er nedskrivne i Forskrift om legemiddelklassifisering.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Legemiddel» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2010.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«legemidler» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne medisinartikkelen som har med kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.