Kristina av Sverige
Kristina | |||
Dronning Kristina måla av Sébastien Bourdon | |||
Dronning av Sverige | |||
Regjeringstid | 6. november 1632–6. juni 1654 (formyndarregjering til 8. desember 1644) | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Maria Kristina Aleksandra | ||
Fødd | 8. desember 1626 i Stockholm | ||
Fødestad | Stockholm, Tre Kronor slott | ||
Død | 19 (9) april 1689 i Roma | ||
Dødsstad | Roma | ||
Gravstad | Grotte Vaticane, Peterskyrkja | ||
Føregangar | Gustav II Adolf av Sverige | ||
Etterfølgjar | Karl X Gustav av Sverige | ||
Dynasti | Vasaætta | ||
Motto | Columna regni sapientia («Visheten är rikets stöd») | ||
Far | Gustav II Adolf av Sverige | ||
Mor | Maria Eleonora av Brandenburg |
Kristina (8. desember 1626–19. april 1689) var regjerande dronning av Sverige frå 1644 til 1654. Ho var dotter av kong Gustav II Adolf av Sverige og Maria Eleonora av Brandenburg, og arva trona då faren fall i slaget ved Lützen den 6. november 1632. Kristina styrte først under formyndarskap, og blei krona den 20. oktober 1650. Ho sa frå seg krona den 6. juni 1654, konverterte deretter til katolisismen og via resten av livet sitt til religion og vitskap.
Barndom
[endre | endre wikiteksten]Kristina var fødd i Stockholm den 7. eller 8. desember[1] (etter den julianske kalenderen, 17 eller 18. desember etter den gregorianske) 1626 som det einaste opplevande barnet til den svenske kongen Gustav II Adolf og kona hans Maria Eleonora av Brandenburg. To andre barn hadde døydd tidleg.[2]
Kristina skildra sin eigen fødsel i sjølvbiografien sin: «Jag föddes med segerhuva och hade allenast ansiktet, armarna och benen fria. Jag var luden över hela kroppen och hade en grov, stark stämma. Allt detta gjorde att mina jordemödrar, som tog emot mig, trodde att jag var en gosse.»[3][a] Ein hadde hatt høge forventinga om ein arveprins, og det var førebudd ein prinsesalutt frå kanonane. Etter at jordmødrene hadde meddelet feil kjønn tok kongen si halvsyster Katarina den nyfødde med seg til kongen og viste han at det var ei jente. Kongen tok imot dotter si med glede.[3] Han skal ha sagt: «Låtom oss tacka Gud, min syster. Jag hoppas, att denna flicka skall bliva mig så god som en gosse. Jag beder Gud, att han bevarar henne, eftersom han har gett mig henne.»[3] I 1627 fekk kongen stenderforsamlinga til å godkjenna henne som «rätta arffurstinna och drottning».[2]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Denne framstillinga av fødselen har bidrege mykje til den ubekrefta medisinske teorien om at dronning Kristina kan ha vore hermafroditt, eller pseudohermafroditt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Datoen varierar mellom ulike kjelder
- ↑ 2,0 2,1 Nordisk Familjebok, sp. 1416
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Stolpe 2004, s. 36
- Denne artikkelen bygger på «Drottning Kristina» frå Wikipedia på svensk, den 28. januar 2021.