Kot Diji
Utsjånad
Kot Diji کوٹ ڈیجی | |||
Kot Diji festning sett frå den nyare byen.
| |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Region | Sind | ||
Distrikt | Khairpur District | ||
Kot Diji 27°21′00″N 68°43′00″E / 27.35°N 68.71666667°E |
Kot Diji (کوٹ ڈیجی) er ein stad i Sind i Pakistan som omfattar ein førhistorisk arkeologisk funnstad som delvis er ein forløpar for Induskulturen, og ein festning frå Talpur-dynastiet på 1700-talet.
Kot Diji ligg rundt 24 kilometer sør for Khairpur og aust for Induselva, på motsett side frå induskulturbyen Mohenjo-daro. Den første busetjinga på staden stammar frå rundt 3300 f.Kr., og blei bygd på flatlandet rundt Rohri-høgdene.
Festningen blei bygd rundt 1790 på toppen av Rohri-høgdene under Mir Sohrab, som herska frå 1783 til 1830. Festningen er i god stand. Han var ein av mange festningar bygd for å verna grensene til Mir Sohrab. Festningen er aldri blitt angripen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kot Diji» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kot Diji Fort ved discover-pakistan.com
- Kot Diji Fort: A symbol of the Talpur dynasty, Dawn.comDenne historieartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.