Korps
Utsjånad
Korps kan visa til ei gruppe personar med sams arbeidsoppgåver og blir brukt innan militærvesen, musikk og i ei rekkje andre samanhengar. Ordet er innlånt frå fransk og stammar frå latin corpus, 'lekam', der meininga er at korpset skal fungera som éi eining.
- Korps er namnet på eit militært forband, ei stor samansett militær avdeling.
- Ein kan finna frittståande korps som musikkorps, til dømes janitsjarkorps og skolekorps, og buekorps.
Mange organisasjonar bruker «korps» om mindre einingar:
- Grupper som utfører samfunnstenester kan kallast «korps», til dømes politikorps, brannkorps, teljekorps ved val.
- Også heile yrkesgrupper kan kallast «korps», til dømes ambassadørkorps, offiserskorps, eller prestekorps. «Det diplomatiske korps» viser til utanlandske diplomatar i eit land som ei gruppe.
- Frelsesarmeen bruker «korps» om det mange andre kristne samfunn kallar kyrkjelyd eller menigheit.