Hopp til innhald

Kompleksitet i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kompleksitet i ei matematisk berekning er eit mål på den naudsynte ressursbruken for å utføre berekninga. Dette vert hovudsakleg nytta for algoritmar for datamaskinar.

Ressursane som er naudsynte for berekninga omfattar både tid- og romforbruk. Tida vert gjeve i mengda naudsynte matematiske operasjonar, og romforbruket i naudsynt lagringskapasitet på datamaskinen.