Knarvik skulekorps
Knarvik Skulekorps er det lokale skulekorpset i bygda Knarvik. Korpset har brassbandbesetning og vart stifta i 1975. Dei øvar i musikkhuset i Knarvik, eit kommunalt bygg som styrast og leigast av Eikanger-Bjørsvik Musikklag.
Byrjinga
[endre | endre wikiteksten]Knarvik skulekorps vart stifta 22. september 1975. Korpset vart stifta av Isdal Hjelmås Musikklag, som syntest det var på plass med eit skulekorps i Knarvik. 50000 kr. vart bruk til innkjøp av 24 ulike instrument. Det opphavlege namnet var Knarvik Musikkorps, men i 1977 bytta korpset namn til Knarvik Skulekorps. Frå starten var det 42 musikantar med i korpset. Den første dirigenten var Herleif Kvamme.
Korpset no for tida
[endre | endre wikiteksten]Korpset har dei siste åra opplevd ein kraftig vekst. I år 2000 var korpset nede i 15 medlemmar, men etter nokre år med drastisk vekst, var medlemstalet i 2007 oppe i 60. Dette har ført til at korpset har starta eit juniorkorps, som ein mild overgang frå aspirant til seniorkorpsmedlem. Mange av musikantane som har spelt i Knarvik Skulekorps vel også å fortsette i korps når dei vert for gamle for skulekorpset, og fleire av musikantane har spelt og speler i korps på veldig høgt nivå, blant anna Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag. Veksten i Knarvik-krinsen syter og for ein auking i medlemsantall, noko som gjør at korpset klarar å halde eit jamnt høgt musikalsk nivå. Det er også eit positivt samarbeid med gode Brass Band i område, som Oster Brass og andre skulekorps.
Plasseringar i EM og NM for skulekorps
[endre | endre wikiteksten]- 1994: 2. plass i EM for skulekorps
- 1995: 5. plass i EM for skulekorps
- 1996: 3. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps
- 2003: 6. plass i 3. divisjon i NM for skulekorps
- 2004: 3. plass i 3. divisjon i NM for skulekorps (Oregon - Jacob de Haan) Dir: Henning Anundsen
- 2005: 3. plass i 2. divisjon i NM for skulekorps (The Prizewinners - Philip Sparke) Dir: Henning Anundsen
- 2006: 3. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Partita - Edward Gregson) Dir: Torstein Aagaard-Nilsen
- 2007: 2. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Klotho - Torstein Aagaard-Nilsen) Dir: Andreas Lien Røe
- 2008: 2. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Totem - Torstein Aagaard-Nilsen) Dir: Torstein Aagaard-Nilsen
- 2009: 3. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Variations on Laudate Dominum - Edward Gregson) Dir: Sturle Berntsen
- 2010: 3. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Music for a Festival - Philip Sparke) Dir: Eirik Gjerdevik
- 2011: 6. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Lake of the Moon - Kevin Houben) Dir: Eirik Gjerdevik
- 2012: 4. plass i 2. divisjon i NM for skulekorps (Oregon - Jacob de Haan) Dir: Aidan Smith
- 2013: 1. plass i 2. divisjon i NM for skulekorps (Saint-Säens-variations - Philip Sparke) Dir: Aidan Smith
- 2014: 6. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Mountain Views - Bertrand Moren) Dir: Christopher Røedvang
- 2015: 6. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps (Kaleidoscope - Philip Sparke) Dir: Christopher Røedvang
Dirigentar gjennom tidene
[endre | endre wikiteksten]- Håkon Kvamme
- Herleif Kvamme
- Ivar Nordland
- Helge Isak Mjanger
- Rolf Bjørge
- Torstein Aagaard-Nilsen
- Åge Torsvik
- Knut Atle Johannesen
- Bjarte Fosse
- Jan Prestun
- Marit Tømmermo
- Henning Anundsen
- Andreas Lien Røe
- Marit Tømmermo
- Sturle Berntsen
- Aidan Smith
- Christopher Røedvang
Gjestedirigentar
[endre | endre wikiteksten]- Torstein Aagaard-Nilsen
- Allan Withington
- Bjørn Sagstad
- Hogne Haugsdal
- Eirik Gjerdevik