Klaus
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Klaus i Vorarlberg.
Klaus og Claus er opphavleg tyske kortformer av mannsnamnet Nicolaus, ei latinsk form av det greske namnet Nikolaos, som er danna av nike, 'siger', og laós, 'folk'. Namnet er òg brukt som slektsnamn. Det er også kjend som namnet til den amerikanske julenissen, Santa Claus, som har røter frå Den heilage Nicolaus.
Klaus har namnedag i Noreg den 23. november. Andre skrivemåtar av Klaus er Clavs, Claes, Klas og Klávus.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Det er 878 menn som heiter Klaus og 518 som heiter Claus i Noreg (SSB, 2008). I Tyskland var Klaus og Claus populære namn på gutar fødd ca 1920–1970.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Claus Sluter (ca 1345 – ca 1405), nederlandsk bilethoggar
- Claus Frimann (1746-1829), norsk diktar
- Claus Bendeke (1765-1828), Eidsvollsmann
- Claus Pavels (1769-1822), norsk prest
- Claus Daae (1806-1896), norsk stortingsmann
- Claus Jervell (1812-1867), norsk stortingsmann
- Claus Pavels Riis (1826–1886), norsk forfattar
- Klaus Egge (1906-1979), norsk komponist
- Claus von Stauffenberg (1907-1944), nazistisk offiser
- Klaus Rifbjerg (f. 1931), dansk forfattar, kritikar og forlagsmann
- Claus Krag (f. 1943), norsk historieprofessor
- Klaus Nomi (1944–1983), tysk kontratenor
- Klaus Hagerup (f. 1946), norsk forfattar, skodespelar og regissør
- Klaus Ostwald (f. 1958), tysk skihoppar
- Claus Lundekvam (f. 1973), norsk fotballspelar
- Klaus Løkholm Bergli (f. 1976), norsk skodespelar
- Klaus Høiland (f. 1948), norsk biologiprofessor
- Claus Wiese (f. 1960), norsk programleiar
- Claus Beck-Nielsen (f. 1963), dansk forfattar
- Klaus Badelt (f. 1967), tysk filmmusikkomponist
Klaus som etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Václav Klaus (f. 1941), tsjekkisk økonom og politikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klaus» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Klaus hjå Statistisk Sentralbyrå