Klastisk
Utsjånad
Klastisk er eit omgrep nytta i geologien om noko som består av fragment. Omgrepet vert nytta om ein sedimentær bergart som består av brotstykke og korn frå andre bergartar, ført til avsetningsstaden med vatn, vind eller is.
Døme på slike bergartar er sandstein og leirskifer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Klastisk. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/klastisk.