Klase
Utsjånad
Klase er ein blomestand der blomane sit på ein felles ugreina hovudstengel.
Ein einsidig klase har alle blomane festa på éi side av stengelen, som til dømes liljekonvall, eller på fleire sider, som nesleklokke. Ein samansett klase består av småklasar som er klaseliknande ordna, slik som syrin. Vinranker blomstrar i slike samansette klasar, slik at fruktene ender opp som ein drueklase.
Klasen fortset veksten frå spissen, slik at dei eldste blomane ender opp inst eller nedst på klasen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«blomsterstand» (13. januar 2015) i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Klase» frå Wikipedia på dansk, den 10. juni 2017.