Kjetil Borch
Kjetil Borch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1990 (34 år) Tønsberg |
Idrett | roing |
Tok del i | Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2020 – Singlesculler menn |
Kjetil Borch (fødd 14. februar 1990 i Tønsberg) er ein norsk roar som representerer Horten Roklubb. Han vart verdsmeister 2013 i dobbeltsculler saman med Nils Jakob Hoff og europameister 2018 i singlesculler.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Borch og Nils Jakob Hoff rodde seg til ein fjerdeplass i dobbeltsculler VM 2010 på Lake Carapiro i New Zealand.[1] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[2] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[3] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[4] Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Borch bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Olaf Tufte.[1]
Under europameisterskapen 2018 i Glasgow rodde Borch inn til gullmedalje i singlesculler, 0,7 sekund framom Mindaugas Griškonis frå Litauen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Kjetil Borch» (på engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017.
- ↑ Nrk.no, 31. juli 2012: Roerne var 0,4 sekunder fra finalen
- ↑ VG, 2. august 2012: Seier med bismak for dobbeltsculleren
- ↑ Resultatliste på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 23. august 2012
- Einskildmenn
- Fødde i 1990
- Norske roarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under sommar-OL 2012
- Roarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Norske deltakarar under sommar-OL 2016
- Roarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Norske deltakarar under sommar-OL 2020
- Roarar under sommar-OL 2020
- Norske deltakarar under sommar-OL 2024
- Roarar under sommar-OL 2024
- Folk frå Tønsberg