Hopp til innhald

Kenojuak Ashevak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenojuak Ashevak

Statsborgarskap Canada
Fødd 3. oktober 1927
Baffinøya
Død

8. januar 2013 (85 år)
Kinngait

Yrke bilethoggar, grafikar, teiknar
Medlem av Royal Canadian Academy of Arts
Kenojuak Ashevak på Commons

Kenojuak Ashevak, CC ONu RCA (inuktitut ᕿᓐᓄᐊᔪᐊᖅ ᐋᓯᕙᒃ, Qinnuajuaq Aasivak), (3. oktober 19278. januar 2013) var ein kanadisk kunstnar og ein leiande figur innan moderne inuittisk kunst.[1][2]

Liv og familie

[endre | endre wikiteksten]

Kenojuak Ashevak blei fødd i ein iglo i inuittleiren Ikirasaq ved sørkysten av Baffinøya. Far hennar, Ushuakjuk, var ein jeger pelshandlar. Mor hennar, Silaqqi, kalla Kenojuak opp etter den avdøde faren sin.[3] Ifølgje denne inuittiske namngjevingstradisjonen ville nå all kjærleiken og respekten han hadde oppnådd i livet overførast til dottera.[4] Kenojuak hadde ein bror og ei syster.

Kenojuak hugsa Ushuakjuk som ein vennlegsinna mann. Faren var respektert som angakkuq (sjaman), og meinte ifølgje Kenojuak å kunne føreseia vêr, gode jaktsesongar og tilmed gjera seg om til ein kvalross. Han skulle også ha evna til å få fisk til å symja til overflata så det blei lettare å fiska. Faren kom i konflikt med kristne konvertittar, og blei drepen av fiendar i ein jaktleir i 1933, då dottera berre var seks år gammal.[4][5]

Etter drapet på faren flytta Kenojuak med mor si og familien til heimen til mormora, Koweesa, som lærte henne tradisjonelle handverk, som preparasjon av selskinn for handel med Hudson's Bay Company og korleis ein kunne laga vasstette klede sydd med sener frå karibu.[6] Ho dreiv også mykje med jakt på fugl, og kom seinare ofte til å avbilda desse dyra i kunsten sin.[7]

Oolooreak (venstre) og Kenojuak Ashevak i 1948.

Då Kenojuak var 19 arrangerte mor hennar, Silaqqi, og stefaren Takpaugni eit ekteskap for henne med Johnniebo Ashevak (1923–1972), ein lokal inuittisk jeger. Kenojuak var motvillig, har ho fortald, og kasta småstein mot han når han kom nær.[8] Over tid kom ho likevel til å elska han for godheita hans. Han hadde eigne artistiske talent som han utvikla, og dei to samarbeidde av og til om kunstprosjekt. National Gallery of Canada har to verk av Johnniebo, Taleelayo with Sea Bird (1965) og Hare Spirits (1960).[9]

I 1950 kom det ei offentleg helsesyster til den arktiske landsbyen der Kenojuak budde. Ho testa positivt for tuberkulose, og blei sendt mot sin vilje til Parc Savard sjukehus i Québec. Her var Kenojuak i over tre år, frå tidleg i 1952 til sommaren 1955. Ho hadde nett fødd eit barn då ho blei tvangssend til sjukehus, og babyen hennar blei adoptert av ein nabofamilie. Fleire av barna hennar døydde medan ho var på sjukehuset.[10]

Kenojuak Ashevak med sønene Adamie og Arnaguq ved Feheley Fine Arts Gallery i Toronto.

I 1966 flytta Kenojuak og Johnniebo til Cape Dorset (Kinngait).[11] Johnniebo døydde av sjukdom i 1972, etter 26 års ekteskap. Året etter at Johnniebo døydde i 1972 gifta Kenojuak seg opp att, med Etyguyakjua Pee; han døydde i 1977. I 1978 gifta ho seg med Joanassie Igiu.[12][12] Fleire av barna og barnebarna hennar døydde også av sjukdom. Ho fekk 11 barn med den fyrste mannen sin, og adopterte fem til. Sju av barna hennar døydde i barndommen. To døtrer, Mary, Elisapee Qiqituk og Aggeok, døydde i barndommen, og det same gjorde fire søner, Jamasie, adoptivsonen Ashevak, og Kadlarjuk og Qiqituk. Dei to sistnemnde var blitt adopterte som nyfødde av ein annan familie.[4][7]

På tida då ho døydde av lungekreft budde Kenojuak i eit trehus i Kinngait (Cape Dorset).[8]

Kenojuak Ashevak var ei av dei fyrste inuittkvinnene i Cape Dorset til å byrja å teikna. Ho nytta grafitt, fargeblyant og tusjpenn, og tidvis også plakatmåling, akvarell og akrylfarge. Ho laga mange utskjeringar i kleberstein og tusentals teikningar, etsingar, høgtrykk og andre trykk — alle ettertrakta av museum og samlarar.[13] Ho laga fleire teikningar for kanadiske frimerke og myntar, og i 2004 var ho den fyrste inuitten til å utforma eit glasmåleri, for John Bell Chapel i Oakville i Ontario. 10-dollarssetelen frå 2017 som blei gjeven ut i høve 150-årsdagen til Canada, hadde Kenojuak sitt høgtrykk- og stensilverk Owl’s Bouquet i holografisk sølvfolie.[14]

Under opphaldet sitt ved sjukehuset Parc Savard i Quebec by, frå 1952 til 1955, lærte Kenojuak å laga dokker av Harold Pfeiffer, og å utføra perlearbeid.[15] Desse handverka gav henne merksemd frå embetsmannen og pioneren innan promosjon av inuittisk kunst, James Archibald Houston og kona Alma.[16] Houston innførte trykking til kunstnarar i Cape Dorset på 1950-talet, og han og kona byrja å marknadsføra inuittisk kunst og handverk, med ei utstilling i 1959.[17] James Houston skreiv om denne tida i 1999:

Ved fyrstninga var ho nølande, og hevda at ho ikkje kunne teikna og at teikning var mannsarbeid. Men den neste gongen ho vitja familien Houston, var papirarka Alma hadde gjeve henne fylte med blyantskisser.[a][16]

I 1958 blei det fyrste trykket til Kenojuak, Rabbit Eating Seaweed, laga frå eit av designa hennar på ei selskinnstaske. I 1959 hadde Kenojuak og andre inuittar frå Cape Dorset skipa West Baffin Eskimo Co-operative som ein senlavik eller kunstnarverkstad som seinare blei kjend som Kinngait Studios.[4] Andre medlemmer var Pitaloosie Saila, Mayoreak Ashoona og Napachie Pootoogook.[18]

Verka hennar, som Rabbit Eating Seaweed, fekk ei god mottaking i sørlegare delar av Canada.

I 1963 blei ho skildra i ein dokumentar laga for National Film Board av John Feeney, Eskimo Artist: Kenojuak. Filmen tok for seg Kenojuak, som då var 35 år, og tradisjonell inuittlevnad på Baffinøya. Filmen viste korleis ein steinskjerar skar ut designet hennar i ei steinblokk, og korleis ho la blekk på dei opphøgde felta som var att, vanlegvis to eller fleire fargar, og så laga rundt 50 trykk for sal.[19] Med pengane ho tente på filmen kunne Johnniebo kjøpa ein kano og bli ein sjølvstendig jeger og støtta familien, som no omfatta ei ny dotter, Aggeo, og ein adoptivson, Ashevak.[4]

Christine Lalonde ved National Gallery of Canada omtalte sjølvtilliten hennar som kunstnar slik: «Når du ser henne, merker du at ho ikkje bruker visk. Ho berre set seg ned og byrjar å teikna.»[b][17]

Ashevak skapte fleire kunstverk i høve skipinga av Nunavut, det tredje territoriet i Canada. Eit av desse var eit bestillingsverk for Department of Indian and Northern Affairs, Nunavut Qajanatuk (Our Beautiful Land), for underteikninga av Inuit Land Claim Agreement in Principle i april 1990. Nunavut, eit anna var eit stort handfarga litografi til minne om signeringa av Final Agreement tidleg i 1994; og eit siste eit stort diptyk med tittelen Siilavut, Nunavut (Our Environment, Our Land) i april 1999, då territoriet offisielt blei skipa.[20]

Det finst verk av Ashevak Kenojuak i samlingane til nasjonalgalleriet i Canada,[21] Art Gallery of Ontario[22] og Burnaby Art Gallery.[23]

Kenojuak blei den fyrste inuittiske kunstaren til å bli teken inn i Canada's Walk of Fame i 2001. Ho reiste til Toronto med dottera Silaqi for å vera med på seremonien.[20]

Heilt til ho døydde var Kenojuak ein årleg bidragsytar til Cape Dorset Annual Print Release, og fortsette å skapa nye verk.[16][17] Ho var ein av dei sister overlevande kunstarane frå West Baffin Eskimo Cooperative.

I ei melding om døden til Kenojuak blei ho karakterisert på CBC henne som ein audmjuk og lite brautande person:

Okpik Pitseolak, an artist from Cape Dorset who knew her personally, said Kenojuak Ashevak brought Inuit art to the world but was "very humble about her work." Pitseolak said that when she appeared on the radio to talk about her art, she didn't want to come across "as someone who brags" about it. But she was "thankful for the fact that she was given this gift."[24]CBC News

Etter at ho døydde har prisane på Kenojuak sine verk nådd nye høgder, som 59 000 canadiske dollar for eit trykk av Rabbit Eating Seaweed.[25]

Vindauge ved John Bell Chapel (Appleby College i Oakville nær Toronto; designa i 2004).

Kenojuak skildra verket sitt slik i 1980:

I just take these things out of my thoughts and out of my imagination, and I don't really give any weight to the idea of its being an image of something.... I am just concentrating on placing it down on paper in a way that is pleasing to my own eye, whether it has anything to do with subjective reality or not. And that is how I have always tried to make my images, and that is still how I do it, and I haven't really thought about it any other way than that. That is just my style, and is the way I started and the way I am today.[26]

Glasmåleri

[endre | endre wikiteksten]

I 2004 utforma Kenojuak eit glasmåleri for eit kapell ved Appleby College i Oakville, Ontario. Vindauget viser ei røye og ei ugle mot ein sterk blå bakgrunn. Det er inspirert av to bibelsoger der Jesus gjev ei stor folkemengd mat frå to fiskar og nokre brød. For Kenojuak spegla dette anda i det inuittiske samfunnet, der mat alltid blir delt. Vindauget blei innvigd av av Andrew Atagotaaluk, biskopen av Arktis, 9. november 2004, til feiringa av 75-årsdagen til John Bell Chapel.[27]

Verka til Kenojuak finst i samlingane til Art Museum The University of Toronto,[28] St. Lawrence University,[29] National Gallery of Canada,[30] Metropolitan Museum of Art,[31] Brooklyn Museum[32] og National Museum of the American Indian ved Smithsonian Institution.[33]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
Ashevak si stjerne ved Canada's Walk of Fame.
  • 1967: Utnemnd til Officer of the Order of Canada, opphøga til Companion i 1982.[34]
  • 1970: Canada Post nytta trykket hennar Enchanted Owl frå 1960 på eit frimerke i høve hundreårsjubileet til Nordvestterritoria.[35]
  • 1974: Vald inn i Royal Canadian Academy of Arts.
  • 1980: Canada Post nytta trykket Return of the Sun frå 1961 på eit sytten-cent-frimerke i sin inuittiske frimerkeserie.
  • 1982: Utnemnd til Companion of the Order of Canada.
  • 1991: Utnemnd til æresdoktor ved Queen's University.
  • 1992 : Utnemnd til æresdoktor ved University of Toronto.
  • 1993: Canada Post nytta teikninga The Owl frå 1969 på eit frimerke i serien Masterpieces of Canadian Art.[26]
  • 1999: Det kjende verket hennar Red Owl blei brukt til Millennium-serien av 25-cent-myntar (quarter). Initialane hennar på inuktitut var til venstre for designet. Dette var fyrste gongen språket hadde opptredd på gangbar mynt.
  • 2001: Teken inn i Canada's Walk of Fame.
  • 2004: Ho skapte det fyrste glasmåleriet laga av ein inuitt for John Bell Chapel ved Appleby College i Oakville i Ontario.
  • 2008: Ho vann prisen Governor General's Award in Visual and Media Arts frå Canada Council of the Arts på 25 000 dollar.
  • 2012: Ho blei utnemnd til medlem av Order of Nunavut.
  • 2017: Bank of Canada viste fram ein ny 10-dollarsetel til minne om 150-årsdagen til Canada med Ashevak sitt trykk Owl's Bouquet.[36]
  • 2018: Kenojuak Cultural Centre opna i Kinngait, kalla opp etter kunstnaren.[37]
  1. She was hesitant at first, claiming that she could not draw and that drawing was a man’s business. Yet the next time that she visited the Houstons, the sheets of paper that Alma had given her were filled with pencil sketches.
  2. When you see her, you realize she doesn't use an eraser. She just sits down and she starts to draw.
  1. Hessel, Ingo (2010). "Inuit Art in the Twentieth Century". The Visual Arts in Canada: the Twentieth Century. Foss, Brian, Paikowsky, Sandra, Whitelaw, Anne (eds.). Don Mills, Ont.: Oxford University Press. s. 193. ISBN 978-0-19-542125-5. OCLC 432401392. 
  2. Tippett, Maria. «Sculpture in Canada». Douglas & McIntyre, 2017. s. 186. Henta 22. april 2021. 
  3. Leroux, Odette (1991). «Kenojuak Ashevak, Inuit». Steinbrueck Native Gallery. Arkivert frå originalen 16 February 2013. Henta 9. januar 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Kenojuak». Arkivert frå originalen 3. juli 2008. Henta 9. januar 2013. , Native American Rhymes, Rhodes Educational Publications, 2005. Vitja 8. januar 2013.
  5. Sonneborn, Liz. A to Z of American Indian Women Arkivert 2016-04-01 ved Wayback Machine.. pp. 112-114. ISBN 1438107889.
  6. Meredith, America (Spring 2013). «Kenojuak Ashevak». First American Art Magazine (på engelsk). s. 77. Henta 21. oktober 2017. 
  7. 7,0 7,1 Walker, Ansgar. Kenojuak: The Life Story of an Inuit Artist, Penumbra Press, 1999, s. 218-9
  8. 8,0 8,1 Cash, P. Kenojuak Ashevak, Artiste inuite Arkivert 2014-04-13 ved Wayback Machine., FSL French Biographies of Famous Canadians, 2006, Scruffy Plume Press. Vitja 9. januar 2013.
  9. Johnniebo Ashevak, 1923 - 1972 Arkivert 2013-10-23 ved Wayback Machine., 2013. Vitja 8. januar 2013.
  10. «Remembering the visionary work of Kenojuak Ashevak». The Globe and Mail (på engelsk). 11. januar 2013. Henta 21. oktober 2017. 
  11. «Kenojuak Ashevak (1927-2013), Inuit artist biography and portfolio». Spirit Wrestler Gallery (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  12. 12,0 12,1 Valerie Alia, Encyclopedia of the Arctic. Mark Nuttall, red., s. 1070-1072, ISBN 978-0-203-99785-7.
  13. Jf. Jean Blodgett, Kenojuak (Toronto: Firefly Books, 1985) ISBN 0-920668-31-3
  14. «Canada's New $10 bill - Bank of Canada». Arkivert frå originalen 7. april 2017. Henta 6. januar 2017. 
  15. Walker, Ansgar. Kenojuak: The Life Story of an Inuit Artist, Penumbra Press, 1999, pp. 218-9
  16. 16,0 16,1 16,2 «Kenojuak Ashevak RCA (1927 – 2013) : Her History». Vincent Art Gallery (på engelsk). 26. juni 2014. Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Mark Lipman, "Kenojuak Ashevak, renowned Inuit artist, dies at 85 Arkivert 2013-01-30 ved Wayback Machine.", 8. januar 2013, The Toronto Star. Vitja 8. januar 2013.
  18. «Kenojuak Ashevak – Canadian Art». Canadian Art (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  19. National Film Board, Eskimo Artist: Kenojuak Arkivert 2013-01-18 ved Wayback Machine., 1963 documentary by filmmaker John Feeney, narrated in English (19 min. 50 sec.). Vitja 9. januar 2013.
  20. 20,0 20,1 «Kenojuak Ashevak». DORSET FINE ARTS (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  21. «National Gallery of Canada». Arkivert frå originalen 17. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  22. «Art Gallery of Ontario». Arkivert frå originalen 17. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  23. «Burnaby Art Gallery Permanent Collection». Arkivert frå originalen 17. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  24. "Inuk artist Kenojuak Ashevak dies at 85 Arkivert 2013-01-09 ved Wayback Machine.", 8. januar 2013, CBC News. Henta 8. januar 2013.
  25. «'Great, famous, rare, iconic': Kenojuak Ashevak print nets record-breaking price». CBC News (på engelsk). Arkivert frå originalen 4. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  26. 26,0 26,1 «Kenojuak Ashevak». www.canadaswalkoffame.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2017. Henta 21. oktober 2017. 
  27. Comment Arkivert 2013-01-09 ved Wayback Machine. to "Inuk artist Kenojuak Ashevak dies at 85", 8. januar 2013. Vitja 8. januar 2013.
  28. «Collection». collections.artmuseum.utoronto.ca:8080. Art Museum, University of Toronto. Henta 22. april 2021. 
  29. «Inuit Art Collection | St. Lawrence University Digital Collections». 
  30. https://www.gallery.ca/collection/artist/kenojuak-ashevak
  31. https://www.metmuseum.org/art/collection/search/694461
  32. «Brooklyn Museum». 
  33. «Kenojuak Ashevak, untitled - Infinity of Nations: Art and History in the Collections of the National Museum of the American Indian - George Gustav Heye Center, New York». 
  34. Office of the Governor General of Canada. Order of Canada citation. Queen's Printer for Canada. Retrieved 24 May 2010
  35. Kenojuak Ashevak, The Enchanted Owl, 1960 Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine., National Gallery of Canada. Vitja 8. januar 2013.
  36. «Explore the New $10 Note». www.bankofcanada.ca (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. april 2017. Henta 7. april 2017. 
  37. «Dreamt of for decades, Cape Dorset finally gets a cultural centre». CBC News. 25. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]