Hopp til innhald

Kabru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabru sett frå sør

Kabru er eit 7 412 meter over havet høgt fjell i Himalaya, på grensa mellom Nepal i vest og India i aust. Kabru, som består av tre fjelltoppar, ligg på same fjellryggen som verdas tredje høgste fjell; Kantjendjunga. Den sørlegaste av toppane i Kabru når opp til 7 318 meter over havet, og er, på 27|36|30|nordleg breidd, den aller sørlegaste av 7 000-meterstoppane på jorda.

Eit indisk klatrelag sendt av ut den nasjonale hæren kleiv til topps på den høgste toppen i mai 1994, som då vart vitja for aller fyrste gong.