Hopp til innhald

Jernmotstand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jernmotstand eller jernhydrogenmotstand er elektrisk motstand av jerntråd, inneslutta i ein behaldar, ofte av glas, med hydrogengass. Innanfor eit visst spenningsområde vil jernmotstanden halde straumstyrken nesten konstant sjølv om spenninga varierer. Det kjem av at motstanden i jerntråden varierer på same måte som spenninga på grunn av temperaturvariasjonen i han. Hydrogengassen hindrar oksidasjon av jernet og gjev passe varmeleiing (termisk konduktans) frå tråden. Jernmotstandar blir brukt mellom anna til å stabilisere straumen til motstandstermometer og liknande.

jernmotstand. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/jernmotstand