Hopp til innhald

Jan Garbarek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Garbarek

Jan Garbarek på scena i Oslo Operahus i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd4. mars 1947 (77 år)
FødestadMomarken, Mysen
OpphavNoreg
Aktiv1966–
Sjangernordisk jazz
Instrumentsaksofonar
PlateselskapECM
Verka somkomponist, jazzmusikar, saksofonist, plateartist
BornAnja Garbarek
PrisarSpellemannprisen, Norsk kulturråds ærespris, Buddyprisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Willy Brandt-prisen

Jan Garbarek (fødd 4. mars 1947) er ein norsk jazzmusikar og komponist, fødd på Mysen i Eidsberg i Østfold. Garbarek er av mange rekna for å vere Noregs fremste jazzmusikar internasjonalt, og er ein av hovudarkitektane bak ordlyden nordisk jazz.

Jan Garbarek speler i hovudsak tenorsaksofon og sopransaksofon. I seinare tid har han utvida instrumentrepertoaret kraftig. Med inspirasjon frå mange ulike musikalske stilartar har han utvikla ein eigen, lett kjenneleg personleg klang.

Inspirert av John Coltrane lærde Garbarek seg å spele tenorsaksofon som 14-åring. I 1962 vann han noregsmeisterskapen for amatørmusikarar. Han fekk både solistprisen og førstepremien med eigen kvartett.[1]

I 1960-åra spelte han blant anna saman med Karin Krog og George Russel. Dette hadde stor påverknad på den musikalske utviklinga hans.

Det første soloalbumet hans heitte Til Vigdis og kom i 1967. Plata vart ingen salssuksess. LP-ar var på den tida kostbare for folk flest, ho kosta kr 36,50. I dag er plata av dei mest etterspurde på bruktmarknadane i USA og Japan.[2] I 1970 innleia Garbarek et samarbeid med den tyske produsenten Manfred Eicher og plateselskapet hans, ECM. Det er på dette selskapet at dei mest sentrale innspelingane til Garbarek er gjevne ut, med Afric pepperbird som den første. For ECM er Garbarek blitt eitt av dei viktigaste namna.

Garbarek blei verdskjend etter å ha vore med i den europeiske kvartetten til Keith Jarrett. Deretter tok han til å peika seg ut på eigenhand.

Han har samarbeida med ei rekke musikarar, som Mari Boine, Gary Peacock, Miroslav Vitouš, Zakir Hussain, Charlie Haden, Egberto Gismonti, Nana Vasconcelos, Terje Rypdal, Jon Christensen og diktaren Jan Erik Vold. Jan Garbarek har òg laga musikk til film, teater og ballett.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Jan Garbarek har polsk far og trøndersk mor. Artisten har ei dotter, Anja Garbarek, som òg driv med nyskapande musikk.

  • Stein Kagge (2001). Jazzprofiler. Fra Satchmo til Ola Kvernberg. Chr Schibsteds Forlag. ISBN 82-516-1887-8. 

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Jazzprofiler s. 141
  2. Jazzprofiler s. 144

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]