Iskorn
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9f/Sleet_on_the_ground.jpg/220px-Sleet_on_the_ground.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/15/Sleet_%28ice_pellets%29.jpg/220px-Sleet_%28ice_pellets%29.jpg)
Iskorn er nedbør av glasharde korn som er delvis eller heilt gjennomsiktige. Dei er som regel kuleforma og har ein diameter på opp mot 4-5 mm. Stundom er det ein drope vatn inni. Dei oppstår når regndropar frys i eit lågare luftlag med temperaturar under 0 °C. Om frysinga først skjer etter at dropen har treft bakken, tre eller liknande, vert det i staden danna eit islag.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«iskorn» i Store norske leksikon, snl.no.