Ishockey-VM 1976
Verdsmeisterskapen i ishockey 1976 vart arrangert i Katowice i Polen i tida frå 8. til 25. april 1976. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer i eit gruppespel. Deretter møttest dei fire beste laga på nytt i eitt innbyrdes sluttspel i kampen om VM-tittelen, medan dei fire laga med færrast poeng møttest til spel om plassane 5 til 8. Alle laga tok med seg poenga i gruppespelet til sluttspelet.
Tsjekkoslovakia var suverent best og vart verdsmeister for andre gong. Sovjetunionen sikra seg sølvplassen og Sverige kom på bronseplassen.
Tabell 1-4
[endre | endre wikiteksten]Plass | Lag | Kampar | Sigrar | Uavgj. | Tap | Målskår | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tsjekkoslovakia | 10 | 9 | 1 | 0 | 67 - 14 | 19 |
2 | Sovjetunionen | 10 | 6 | 1 | 3 | 50 - 23 | 13 |
3 | Sverige | 10 | 6 | 0 | 4 | 34 - 29 | 12 |
4 | USA | 10 | 3 | 1 | 6 | 24 - 42 | 7 |
Tabell 5-8
[endre | endre wikiteksten]Plass | Lag | Kampar | Sigrar | Uavgj. | Tap | Målskår | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|---|
5 | Finland | 10 | 2 | 4 | 4 | 35 - 41 | 8 |
6 | Vest-Tyskland | 10 | 3 | 2 | 5 | 26 - 41 | 8 |
7 | Polen | 10 | 3 | 2 | 5 | 32 - 47 | 8 |
8 | Aust-Tyskland | 10 | 2 | 1 | 7 | 19 - 52 | 5 |
Tsjekkoslovakia sitt meisterlag
[endre | endre wikiteksten]Målvakter: Jiří Holeček, Vladimír Dzurilla
Forsvarar: Oldřich Macháč, František Pospíšil, Jiří Bubla, Milan Kajkl, Milan Chalupa, Miroslav Dvořák, František Kaberle
Løparar: Vladimír Martinec] Jiří Novák, Bohuslav Šťastný, Marián Šťastný, Ivan Hlinka, Jiří Holík, Eduard Novák, Milan Nový, Jaroslav Pouzar, František Černík, Peter Šťastný
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Världsmästerskapet i ishockey för herrar 1976» frå Wikipedia på svensk, den 14. november 2019.