Hopp til innhald

Ilmari Salminen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilmari Salminen


Statsborgarskap Finland
Fødd 21. september 1902
Elimä
Død 5. januar 1986 (83 år)
Kouvola
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1936
Utmerkingar First Class Medal of the Order of the White Rose of Finland with golden cross, Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports

Ilmari Salminen (21. september 19025. januar 1986) var ein finsk langdistanseløpar frå Elimäki. Han vart olympisk mester 1936 på 10 000 meter og europameister 1934 på 5 000 m og 1938 på 10 000 m.

Salminen deltok i Sommar-OL 1928 og Sommar-OL 1932 utan å utmerke seg. Han fekk sitt store internasjonale gjennombrot då han vann milløpet og tok bronsemedaljen på 5 000- meteren ved EM i friidrett 1934 i Torino. På den fyrste dagen av dei olympiske sommarleikane i Berlin i 1936 spurta Salminen inn til siger på 10 000 meter på tida 30.15,4. Han slo landsmannen Arvo Askola med 0,2 sekund. Volmari Iso-Hollo sikra finsk storeslem med sin tredjeplass. Dette var Finlands femte og siste trippeltriumf i friidrett i olympiske sommarleikar. Fem dagar seinare enda Salminen som nummer seks på 5 000 meter etter å ha falle 750 meter frå mållinja. I 1937 sette han verdsrekord på 10 000 meter ved å springe på 30.05,5 i Kouvola.[1] Året etter avslutta han internasjonalt ved å vinne 10 000 meter under EM i friidrett 1938 i Paris.

Salminen vart finsk meister 1932 på 5 000 meter, og 1934, 1935, 1937 på 10 000 meter. I 1942 vann begge distansane ved den nasjonale meisterskapen.

Personbeste

[endre | endre wikiteksten]
  • 5 000 m: 14.22,0 (1939)
  • 10 000 m: 30.05,5 (1937)