Ibbenbüren
Ibbenbüren | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Münster Steinfurt |
Først nemnd i | 1146 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
108,85 km² |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
51 581[1] 474/km² |
Koordinatar | 52°17′0″N 07°43′0″E / 52.28333°N 7.71667°E |
Høgd over havet | 64 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 49477, 49479 |
Telefon-retningsnummer | 05451, 05459, 05455 |
Bilnummer | ST |
Heimeside: www.ibbenbueren.de |
Ibbenbüren er ein industriby i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Steinfurt, og er den største byen i Tecklenburger Land.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Ibbenbüren ligg ved elva Ibbenbürener Aa nordvest i Teutoburger Wald og om lag midt mellom byane Rheine i vest og Osnabrück i aust, som begge ligg om lag 20 km borte.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ibbenbüren vart nemnd for første gong i 1146 då fyrstbiskopen av Osnabrück, Filipp av Katzenelnborgen, donerte ein tiandedel av sine eigendelar i Ibbenbüren til Getrudenkloster i Osnabrück. Sjølv om Ibbenbüren er mykje eldre og at eit dokument frå 1348 nemner at ei kyrkje vart oppført her i 799, er 1146 rekna som det offisielle grunnleggingsåret for Ibbenbüren.
Seint i mellomalderen høyrte byen til Bispedømet Osnabrück, og på denne tida vart slottet i Ibbenbüren bygd. I dag er det berre få restar igjen av slottet.
Etter kvart kom Ibbenbüren inn under grevane av Tecklenburg. Dette styret varte fram til slutten av 1400-talet eller byrjinga av 1500-talet då han kom inn under Karl V av Det tysk-romerske riket i 1548. Karl V gav han vidare til syster si, Maria av Habsburg, guvernør av Nederland. I denne perioden vert det òg starta utgraving etter kol.
Under den nederlandske revolusjonen skifta Ibbenbüren stadig eigarar mellom Nederland og Spania, og vart gjeve til Huset Orange-Nassau etter freden i Westfalen i 1648. På denne tida starta ein utgraving etter jernmalm, ein industri som varte til første halvdel av 1800-talet. I 1702 vart byen ein del av Preussen, og 1. februar 1724 fekk han kommunerettar. I 1743 vart den første dommaren og borgarmeisteren utpeikt.
Under regjeringstida til Napoleon Bonaparte på byrjinga av 1800-talet høyrte Ibbenbüren til Frankrike, fram til han vart frigjort av Preussen og Russland i 1815. Han kom tilbake til Preussen og vart ein del av regionen Tecklenburg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ibbenbüren» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2007.