Hopp til innhald

How Long av J.D. Souther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
How Long
Singel av Eagles
frå albumet Long Road Out of Eden
Utgjeve 20. august 2007
Sjanger Countryrock[1]
Lengd 3:15
Selskap Lost Highway
Låtskrivar(ar) J.D. Souther
Produsent Eagles, Steuart Smith, Richard F. W. Davis, Scott Crago, Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«No More Cloudy Days»
(2006)
How Long «Busy Being Fabulous»
(2008)


«How Long» er ein antikrigssong av den amerikanske songar-låtskrivaren J.D. Souther. Han var skriven i 1971 som ein reaksjon mot Vietnamkrigen, og vart gjeven ut på debutalbumet hans John David Souther i 1972.[2] Han vart gjeven ut som ein avgrensa singel i 1972 med «The Fast One» som B-side.[3]

Eagles, som var venar med Souther sidan tidleg i 1970-åra og samarbeidde med Souther mange gonger, spelte ofte «How Long» på konsertane sine tidleg og midten av 1970-åra. I 2007 spelte dei inn songen for albumet Long Road Out of Eden, det første studioalbumet deira sidan 1979. Eit år seinare vann dei Grammy-prisen med songen i kategorien beste countrysong av duo eller gruppe. Det var den første Grammyen dei vann sidan 1979.[4]

Liste (2007–08) Plassering
Canada (Canadian Hot 100)[5] 76
UK Singles (Official Charts Company) 110
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[6] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[7] 7
US Country Songs (Billboard)[8] 23
US Mainstream Rock Tracks (Billboard) 38