Honningkryparar
Honningkryparar | |
Hofugl av purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, i ein fuglepark i Nederland Foto: Arjan Haverkamp
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Honningkryparar Cyanerpes Oberholser, 1899 |
Honningkryparar, Cyanerpes, er ei biologisk slekt av fire fugleartar tanagarfamilien. Dei lever i neotropiske område frå Mexico sør til Brasil.
Habitatet er i trekroner i skog eller utkanten av skog. Som namnet ymtar om, er dei spesialiserte nektaretarar med lange, boga nebb.
Dei fire honningkryparartane i slekta har fargerike bein, lange venger og ein kort hale. Hannane er vanlegvis skinande lillablå og hoene grønaktige.
Grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, deler òg fellesnemninga honningkrypar, men er klassifisert i si eiga slekt. Han har eit større, tjukkare nebb enn Cyanerpes-slekta, og er mindre sterkt avhengig av nektar.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Cyanerpes i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Dverghonningkrypar, Cyanerpes nitidus, Short-billed Honeycreeper
- Gulbeinhonningkrypar, Cyanerpes lucidus, Shining Honeycreeper
- Purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, Purple Honeycreeper
- Raudbeinhonningkrypar, Cyanerpes cyaneus, Red-legged Honeycreeper
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Honeycreeper» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. febuar 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)