Holly Knight
Holly Knight | |||
| |||
Fødd | 20. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1980– | ||
Sjanger | poprock | ||
Instrument | tangentinstrument, vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, musikkprodusent | ||
Prisar | Songwriters Hall of Fame |
Holly Knight er ein USA-amerikansk låtskrivar, songar og pop- og rockmusikar. I 2013 vart ho innlemma i Songwriters Hall Of Fame. Songane hennar har vunne tre Grammy-prisar. Ho er kjend for å ha skrive hittar for somme av dei mest suksessrike artistane i musikkindustrien, som «The Best» for Bonnie Tyler, seinare spelt inn av Tina Turner, og «Love Is a Battlefield» og «Invincible» av Pat Benatar. Ho vart kåra til beste låtskrivar i den 11. årlege lesarundersøkinga til Rolling Stone i lag med Phil Collins, Paul Simon, Billy Joel og Bruce Springsteen.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Holly Knight vart ei låtskrivarstjerne i rockeindustrien i 1980-åra. Kritkarane gav ho sjeldan mykje skryt, men ho klarte å definere ein stil for rockeradio på den tida med ei rekkje songar som blanda musklar med melodi[1] med songar som Pat Benatar sin «Love Is a Battlefield», Scandal sin «The Warrior» og Tina Turner sin «Better Be Good to Me». Ho starta karrieren med bandet Spider i starten av tiåret, og spelte klaverinstrument og song korvokal i 1980 på Spider Between the Lines i 1981 og Rough Justice i 1984. Bandet med trommisen Anton Fig, som seinare spele trommer i Late Night With David Letterman, fekk fleire mindre hittar, mellom andre «New Romance (It's a Mystery)», som nådde 39. plassen i USA i 1980.
Etter Spider vart oppløyst fortsette Knight å skrive musikk og var involvert i comebackalbumet til Heart frå 1985 med Heart, der ho skreiv fleire songar, mellom anna «Never», som nådde topp 10. Knight slo seg seinare saman med vokalist Paul Engemann og gitarist Gene Black og danna rocketrioen Device. Dei fekk ein liten hit med singelen «Hanging on a Heart Attack» frå albumet 22B3. Det var det einaste bandet gjorde før Knight gjekk vidare med å skrive for andre artistar. Ho gav ut eit soloalbum i 1989, men det selde dårleg.
Songar
[endre | endre wikiteksten]- Ace Frehley - «Hide Your Heart»
- Aerosmith - «Rag Doll» (med Steven Tyler, Joe Perry og Jim Vallance)
- Angel (TV-serie) - kjenningsmelodi
- Animotion - «Obsession» (med Michael Des Barres); «I Engineer» (med Bernie Taupin)
- Jimmy Barnes - «Between Two Fires»
- Pat Benatar - «Love Is a Battlefield»; «Invincible»; «Sometimes the Good Guys Finish First»; «Girl»
- Bon Jovi - «Stick to Your Guns»
- Bonnie Tyler - «Hide Your Heart»; «The Best»; «Where Were You»
- Cheap Trick - «Space»
- Shawn Colvin - «Hold on to the Good Things»
- Device - «Hanging on a Heart Attack»; «Who Says»
- Divinyls - «Pleasure and Pain»
- Fefe Dobson - «Get Over Me»
- The Donnas - «Wasted», «Here for the Party»
- Eighth Wonder - «When the Phone Stops Ringing»
- Elvira - «Here Comes the Bride (of Frankenstein)»; «Haunted House»
- Agnetha Fältskog (ABBA) - «Wrap Your Arms Around Me»
- Lita Ford - «Stiletto»
- Lou Gramm - «Just Between You and Me»
- Hall & Oates - «Soul Love»
- Lisa Hartman - «New Romance (It's a Mystery)»
- Heart - «Never»; «All Eyes»; «There's the Girl»; «Tall. Dark, Handsome Stranger»; «I Love You»
- Grayson Hugh, Thelma and Louise soundtrack - «Can't Untie You from Me»; «Don't Look Back»; «Road to Freedom»
- Chaka Khan - «Baby Me»
- Kidd Video - «When the Phone Stops Ringing»
- Kids Incorporated - «Change»
- KISS - «Hide Your Heart»; «I Pledge Allegiance to the State of Rock & Roll»; «Raise Your Glasses»
- Holly Knight - «Heart Don't Fail Me Now»; «Howling at the Moon»; «Love Is a Battlefield»
- Less Than Jake - «Overrated (Everything Is)»
- Marilyn Martin - «Turn It On»
- Christopher Max - «I Burn for You»
- Suzie McNeil - «Help Me Out»
- Meat Loaf - «Monstro»; «Alive»
- Leigh Nash - «Angel Tonight»
- Hawk Nelson - «Not the Same»
- Aaron Neville - «Try a Little Harder»
- Ozzy Osbourne - «Slow Burn»
- OTEP - «Perfectly Flawed», «UR A WMN NOW»
- Suzi Quatro - «Fear of the Unknown», «Whatever Love Is»
- Real Life - «Babies»
- Riff - «My Heart Is Failing»
- Scandal med Patty Smyth - «The Warrior»; «Hands Tied»
- Charlie Sexton - «Space»
- Spider - «Better Be Good to Me»; «New Romance (It's a Mystery)»; «Change»
- Dusty Springfield - «Time Waits for No One»
- Paul Stanley - «It's Not Me»
- Rod Stewart - «Love Touch»
- Still Standing (TV-serie) - «Still Standing»
- Rachel Sweet - «Little Darlin'»
- Tina Turner - «Better Be Good to Me»; «One of the Living»; «The Best»; «You Can't Stop Me Loving You»; «Be Tender with Me Baby»; «Ask Me How I Feel»; «Love Thing»; «In Your Wildest Dreams»; «Do Something»
- John Waite - «Change»
- Kim Wilde - «Turn It On»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Holly Knight» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Offisiell nettstad
- Holly Knight på IMDb
- ↑ Tom Demalon. «Holly Knight». Henta 23. april 2016.