Hollick-Kenyon Peninsula
Utsjånad
Hollick-Kenyon Peninsula | |||
halvøy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 68°35′S 63°50′W / 68.583°S 63.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hollick-Kenyon Peninsula 68°35′00″S 63°50′00″W / 68.5833°S 63.8333°W | |||
Hollick-Kenyon Peninsula er ei isdekt halvøy på Den antarktiske halvøya, som stikk 40 nautiske mil nordaustover mellom Mobiloilfjorden og Caseyfjorden. Ho vart oppdaga og delvis fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth på ein flytur i Antarktis i 1935 frå Dundee Island til Rosshavet. I 1940 vart ho fotografert frå lufta og kartlagd frå bakken av U.S. Antarctic Service.
Halvøya er kalla opp etter Herbert Hollick-Kenyon, piloten på flyturen til Ellsworth, som synte korleis ein kunne lande og ta av i isolerte område av Antarktis.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hollick-Kenyon Peninsula». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hollick-Kenyon Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).