Hilary Lindh
Hilary Lindh | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mai 1969 (55 år) Juneau |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, alpine skiing at the 1992 Winter Olympics – women's downhill |
Utmerkingar | Alaska Sports Hall of Fame |
Hilary Lindh (fødd 10. mai 1969) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Juneau i Alaska som vart verdsmeister i utfor i 1997, og elles tok ein OL-sølv i 1992 og ein VM-bronse i 1996.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Lindh debuterte i verdscupen i 1986 med ein 13.-plass i eit utforrenn i Vail i Colorado. Seks år seinare overraska ho stort ved å ta sølv i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, berre seks hundredels sekund bak den kanadiske vinnaren Kerrin Lee-Gartner.
Lindh vann tre renn i verdscupen i alpine greiner, alle i utfor. Alle sigrane kom i året 1994, fordelt på ein triumf i Spania i byrjinga av februar, og to i desember i Nord-Amerika. Sesongen 1994/95 var ho verdas nest beste kvinnelege utforrennar, bakom landskvinna Picabo Street.
Under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada i Spania fekk Lindh ein bronsemedalje i utfortevlinga. Høgdepunkt oppnådde ho i VM i alpine greiner 1997 i Sestriere då ho vart verdsmeister i utfor, med seks hundredels sekund til gode på sølvvinnar Heidi Zurbriggen frå Sveits. Ved sesongslutt la ho alpinskia på hylla.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Hilary Lindh» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Hilary Lindh» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1969
- Alpinistar frå USA
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1988
- Alpinistar under vinter-OL 1988
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1992
- Alpinistar under vinter-OL 1992
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1994
- Alpinistar under vinter-OL 1994