Hestevandring
Utsjånad
Hestevandring er ei innretning for å nytta hestar til å trekkja roterande maskiner, som treskeverk, kverner, o.l. [1]. Det var to hovudtypar hestrevandring: roterande, Fig. 1, og vandringar med endelaust belte, Fig. 2.
På roterande hestevandringar måtte overføringsreima, eller akslingen, gravast ned, som vist i dei to øvste bileta i Fig. 1, eller hevast over hestane, som vist på det tredje biletet i Fig. 1. Fig. 3 syner ei hestevandring frå Frankrike, som er bygd under eit treskeverk.
Å gå i ring, eller på eit uendeleg belte, var tungt og utriveleg arbeid for hestane og vart nytta der det ikkje var ei stor nok elv for å drive eit vasshjul. Då dampmaskina vart innført vart det slutt på å nytta hestevandring.
Referanse
[endre | endre wikiteksten]- ↑ , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
-
Fig. 2 Hestevandring med endelaust belte.
-
Fig. 3 Hestevandring bygd saman med treskeverk.
-
Fig. 4 Hestevandring frå slutten av 1800-talet.
-
Labor (1884). Måleri av Nils Kreuger av ein hest som dreg eit treskjeverk.