Healing Hands
Healing Hands Singel av Elton John frå albumet Sleeping with the Past | ||
B-side |
«Dancing in the End Zone» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1989 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:21 | |
Selskap | Rocket Records MCA Records (US/Canada) | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John Bernie Taupin | |
Produsent | Chris Thomas | |
Elton John-kronologi | ||
«Town of Plenty» (1988) |
Healing Hands | «Sacrifice» (1989)
|
«Healing Hands» er ein song av den britiske popsongaren Elton John, skriven av Elton John og Bernie Taupin. Songen vart gjeven ut på albumet Sleeping with the Past i 1989 og var den første singelen frå albumet, på seinsommaren 1989. Songen gjekk inn på Topp 20 i USA. Sidan vart songen gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Sacrifice», og vart den første singelen Elton John fekk på toppen av singellista i Storbritannia. Songen var inspirert av Four Tops-songen «Reach Out, I'll Be There».
«Healing Hands» gjorde det forholdsvis bra i USA, og nådde 13. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Adult Contemporary-lista i oktober 1989. Songen nådde første gongen ikkje Topp 40 i Storbritannia, og det gjorde heller ikkje den første utgjevinga av oppfølgjaren «Sacrifice». Etter at BBC Radio One byrja å spele «Sacrifice» vart songen gjeven ut på nytt i heimlandet med «Healing Hands» på andre sida. Den doble A-sida toppa lista i Storbritannia i fem veker i strekk, og vart den første førsteplassen hans i heimlandet.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elton John: klaverinstrument, solo- og harmonivokal
- Guy Babylon: klaverinstrument
- Davey Johnstone: gitar, korvokal
- Fred Mandel: klaverinstrument
- Romeo Williams: bassgitar
- Jonathan Moffett: trommer
- Marlena Jeter: korvokal
- Natalie Jackson: korvokal
- Mortonette Jenkins: korvokal
- Peter Iversen: Fairlight og Audiofile-programmering
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Healing Hands (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- "Healing Hands", The Billboard Book of Number One Adult Contemporary Hits by Wesley Hyatt, s. 352, Billboard Books (1999).