Hareid
Utsjånad
Hareid | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Hareid | ||
Areal | 2,62 km² | ||
Folketal | 3 502 (2023) | ||
Folketettleik | 1 337 / km² | ||
Postnummer | 6060 Hareid | ||
Innbyggjarnamn | hareidsdøling | ||
Preposisjon | på Hareid | ||
Hareid 62°22′13″N 6°01′44″E / 62.37027778°N 6.02888889°E | |||
Wikimedia Commons: Hareid (village) |
Hareid er den største tettstaden i Hareid kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke med 3 502 innbyggjarar per 1. januar 2023. Brandal er den andre tettstaden i Hareid kommune.
Tettstaden Hareid omfattar heile den tettbygde delen av det tradisjonelle Hareid sentrum og den tettbygde delen av Hjørungavåg.
Hareid er administrasjonssenteret i Hareid kommune, og inneheld dei fleste vesentlege funksjonar i ein bygdeby.
Hareid er såleis eit handlesenter, og her er også industri, hotell, Hareid kyrkje mv.
Fylkesveg 61 går frå Hareid sentrum mot Ulsteinvik. Frå Hareid sentrum går også fylkesveg 61 som ferjesamband til Sulesund. Det går vidare hurtigbåt frå Hareid sentrum til Ålesund.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Tettstader i Møre og RomsdalDenne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.