Hammar og sigd

Hammar og sigd er eit symbol som ofte har vorte brukt av kommunistar og kommunistiske organisasjonar. Den mest kjende bruken av symbolet var i Sovjetunionen sitt flagg. I Noreg er symbolet brukt mellom anna i logoen til Noregs kommunistiske parti.
Hammaren symboliserer industriarbeidaren, medan sigden symboliserer bonden.
Hammaren vart òg brukt som symbol åleine i den norske arbeidarrørsla, og framleis blir raude flagg med eit kvitt hammarmerke inst ved stonga brukt i flaggborger første mai.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Jordbruks- og arbeidarreiskapar har lenge vore nytta som symbol for rørsler som kjempa for proletariatet. Sameininga av hammaren og sigda symboliserte sameininga av jordbrukarar og byggjearbeidarar. Eit eldre døme på dette finn ein på ein chilensk peso som sirkulerte frå 1895.[1]

Eit alternativt jordbrukssymbol er ein plog. På Irland blei Starry Plough først brukt som flagg av Irish Citizen Army, ein paramilitær organisasjon som tok del i Påskeopprøret. Eit sverd er sett eller smelta inn i plogen.
Utforming
[endre | endre wikiteksten]
I 1917 lyst Vladimir Lenin og Anatolij Lunatsjarskij ut ei tevling for å skapa eit sovjetisk emblem. Vinnardesignet var ein hammar og ei sigd på toppen av ein klode opplyst av solstråler, omkransa av ein kornkrans og under ei femtakka stjerne, med innskrifta «Proletarar i alle land, samein dykk!» på seks språk (russisk, ukrainsk, kviterussisk, georgisk, armensk og aserbajdsjansk). Opphavleg hadde han også eit sverd, men Lenin var sterkt imot dette på grunn av tilknytinga til vald det gav.[2] Det var Jevgenij Ivanovitsj Kamzolkin (1885–1957) som utforma emblemet.[3][4]
Symbolet blei teke i bruk og brukt på det sovjetiske flagget frå 1922. 6. juli 1923 tok det sovjetiske sentralstyret offisielt i bruk emblemet som riksvåpen.[2] Det sovjetiske flagget fekk raskt ei forenkla form som viste hammar, sigd og stjerne. Hammar og sigd blei også teke i bruk av fleire andre kommunistiske land og kommunistparti.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Hammar og sigd blei raskt eit utbreidd symbol innan sosialistisk kunst, som sosialistisk realisme. Det har også vore brukt i ikkje-marxistisk populærkultur. Andy Warhol laga til dømes ei rekkje teikningar og fotografi med symbolet.
Symbola er også blitt brukte i litteraturen, som i titlane til diktsamlingane Sigd og hammer (1921) av Arne Paasche Aasen og Hamri og sigð (1930) av Sigurður Einarsson.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Metrostasjonen Plosjtsjad Lenina i Minsk
-
Sándor Pinczehelyi, Hammer and Sickle (1998)
Flagg
[endre | endre wikiteksten]-
Det sovjetiske flagget frå 19. august 1955 til 26. desember 1991.
-
Den sovjetiske orlogsgjøsen frå 16. november 1950 til 12. juli 1992
-
Den sovjetiske orlogsgjøsen frå 16. november 1950 to 27. juli 1992
-
Flagget til Det vietnamesiske kommunistpartiet
-
Flagget til Det kinesiske kommunistpartiet
-
Flagget til Det koreanske arbeidarpartiet, som også omfattar ein skrivepensel.
-
Flagget til Det libanesiske kommunistpartiet
-
Flagget til Det rumenske kommunistpartiet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Chilean peso design, 1894». Henta 7. mai 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «The Hammer and Sickle: The Role of Symbolism and Rituals in the Russian Revolution». Henta 3. august 2014.
- ↑ «The Spectre of Hammer and Sickle». International People's Tribunal 1965. Henta 6. november 2015.
- ↑ «International Gallery of Contemporary Artists». Arkivert frå originalen 16. august 2016. Henta 6. november 2015.