Høgskolen i Tromsø
Høgskolen i Tromsø (HiTø) var ein høgskole i Tromsø som vart etablert 1. august 1994 og slått saman med Universitetet i Tromsø 1. januar 2009.
HiTø hadde omkring 3 000 studentar og 300 tilsette (2006-tal). Høgskolen var ein av 24 statlege høgskolar i Noreg og var eit resultat av at fire statlege høgskolar i Tromsø vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei fire høgskolene som fusjonerte var Tromsø helsefaghøgskole, Tromsø maritime høgskole, Nord-norsk Musikkonservatorium og Tromsø lærerhøgskole.
Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudi innan kunstfaga musikk, dans og drama, ulike helsefag, ingeniør- og økonomifag og lærarutdanning. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og nokre doktorgradstudie, samt ei rad kurs-, etter- og videreutdanningar.
Dei fire fakulteta ved høgskolen var:
- Avdeling for helsefag
- Avdeling for ingeniør- og økonomifag
- Avdeling for kunstfag
- Avdeling for lærerutdanning
Høgskolen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve for å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter endte studie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Høgskolen i Tromsø» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fusjonen Arkivert 2009-04-12 ved Wayback Machine., uit.no