Gustav Thöni
Utsjånad
Gustav Thöni | |
Gustav Thöni i 1972 | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 28. februar 1951 (73 år) Stelvio |
Yrke | alpinist, skodespelar |
Språk | italiensk, tysk |
Høgd | 173 centimeter |
Gustav Thöni på Commons |
Gustav Thöni (fødd 28. februar 1951) er ein italiensk tidlegare alpinist, frå bygda Trafoi i Stilfs kommune i provinsen Bolzano, som vann verdscupen i alpine greiner fire gongar; 1971, 1972, 1973 og 1975. Han vann OL-gull i storslalåm i 1972, og VM-gull i alpin kombinasjon i både 1972 og 1976, samt VM-gull i både slalåm og storslalåm under VM i alpine greiner 1974. I alt vann han fem gullmedaljar og to sølvmedaljar i dei store meisterskapane i åra 1972-76. Frå februar 1969 til januar 1977 sigra Thöni 24 gongar i verdscuprenn; 11 i storslalåm, 8 i slalåm, 4 i kombinasjon, samt eitt parallellrenn (i slalåm).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Italienske alpinistar
- Olympiske meistrar for Italia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Italienske deltakarar under vinter-OL 1972
- Alpinistar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Italienske deltakarar under vinter-OL 1976
- Alpinistar under vinter-OL 1976
- Italienske deltakarar under vinter-OL 1980
- Alpinistar under vinter-OL 1980