Gudinna Nike
Nike | |||
| |||
Identifisert med | Victoria | ||
---|---|---|---|
Mor | Styx | ||
Far | Pallas i gresk mytologi |
Nike (gresk Νίκη, 'Siger', uttalt nǐːkɛː) er sigersgudinna i gresk mytologi. I romersk mytologi blir denne gudinna kalla Victoria.[1]
Nike er ein allegorisk personifikasjon av siger. Dette gjeld ikkje berre den blodige sigeren i krig, men òg den fredelege sigeren i greske tevlingar og elles i alle typar suksess ein kunne vinna.
Ifølgje Hesiod var Nike dotter av elvegudinna Styx og titanen Pallas.[2][3] Ho blei ofte kopla til dei sigersgjevande gudane Zevs og Atene, og kultbilda deira har ofte ein Nike-statue med venger. Etterkvart kom ho til å smeltast ihop med Atene til Atene Nike, som Atene Nike-templet i Aten var tileigna. Der var kultbida av Atene utan venger, bortsett frå Nike-figurane på marmorbalustraden, der ein mellom anna finn den kjende ‘Nike som rettar på sandalen’.[4]
I biletkunsten blir sigersgudinna framstilt som ein blømande, kraftfullt skapt jomfru i fotside, flagrande klede. Ho har vanlegvis venger, og har ofte sigersteikn som krans og palmekvist i handa, eller ein fanfaretrompet som forkynner sigersbodskapen. Av og til blir ho òg vist i ei triumfvogn og der ho sjølv køyrer spannet. Ho er òg blitt avbilda i skriftrullar frå det eldgamle biblioteket i Alexandria.
Nikestatuer var eit populært motiv i gresk kunst. Nike frå Samothráki er truleg det best kjende dømet. Nike frå Dílos av Arkhermos høyrer til dei eldste døma. Ein annan, meir kjend statue er Paionios Nike.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nike - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 13. desember 2022.
- ↑ «NIKE - Greek Goddess of Victory (Roman Victoria)». www.theoi.com. Henta 13. desember 2022.
- ↑ Cartwright, Mark. «Nike». World History Encyclopedia (på engelsk). Henta 13. desember 2022.
- ↑ Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1139.
- ↑ Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1139.
- Denne artikkelen bygger på «Nike» frå Wikipedia på svensk, den 1. januar 2024.