Grytten
Utsjånad
- For forfattaren, sjå Frode Grytten
Grytten er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal oppretta som Grytten formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1902 blei Hen skilt ut frå Grytten som eigen kommune. Grytten hadde etter delinga 1 728 innbyggarar.
1. januar 1964 blei Grytten slått saman med Eid, Hen og Voll kommunar, samt det meste av Veøy kommune til den nye Rauma kommune. Grytten hadde ved samanslåinga 3 683 innbyggarar.
Siste ordførar i Grytten kommune var dåverande stortingsrepresentant Hans Hjelle.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Grytten kommune frå 1902 til 1964:
1.1.1902[1] | 1910[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1728 | 1701 | 2591 | 2518 | 2834 | 3367 | 3625 | 3683 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Veøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå