Gruyères
Gruyères | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Fribourg | ||
Distrikt | Gruyère | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
28,39 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 789 63 /km² | ||
Koordinatar | 46°35′0″N 7°5′0″E / 46.58333°N 7.08333°E | ||
Høgd over havet | 810 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1663 | ||
Nettstad: www.gruyeres.ch |
Gruyères er ein by og ein kommune i distriktet Gruyère i kantonen Fribourg i Sveits. Han har 1 789 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 810 meter over havet.
Mellomalderbyen er ein viktig turistdestinasjon i den øvre dalen til elva Saane og har gjeve namn til den kjende ost. Byen er bilfri.[1]
Den historiske byen ligg på ein isolert ås nord i Alpane ved foten av fjellet Moléson. Det er òg her elva Saane forlet Fribourg-Alpane.
Kommunen består òg av dei to landsbyane Épagny i nord og Pringy i vest. I tillegg ligg den vesle landsbyen Saussivue i sør og feriestaden Moléson-Village i Albeuvedalen. Nabokommunar er Broc, Charmey, Bas-Intyamon, Haut-Intyamon, Semsales, Vaulruz, Vuadens, Bulle, La Tour-de-Trême og Le Pâquier.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gruyères» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Petit train de Gruyères nettside, arkivert frå originalen 3. mai 2008, henta 25. mars 2012