Glerá
Glerá (islandsk uttale gler-ao) er ei elv nord på Island. Ho har utspringet sitt i isbreane i fjella på halvøya Tröllaskagi og tar òg opp vatn frå kjelder på veg nedover Glerádalen. Ho renn gjennom byen Akureyri før ho munnar ut i sjøen ved Eyjafjörður. Elva har danna sandbanken Oddeyri ved munningen. Elva var viktig i samband med industrialiseringa av Akureyri og vart på 1900-talet demma opp for å produsere elektrisitet. Kraftverket er i dag rive ned, men demninga står framleis att.
Elva skilde tidlegare sjølve Akureyri frå bygda Glerá, som var ein busetnad nord for elva, men tidleg på 1900-talet vart bygda ein del av byen Akureyri. I dag vert delen av Akureyri nord for Glerá kalla Glerárhverfi (gleráområdet) eller Þorpið og meir enn 7000 av dei 16 000 innbyggjarane bur i dag her.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Glerá frå Engelsk Wikipedia .