Gjønnes-utvalet
Utsjånad
Stat – kyrkje-utvalet, òg kalla Gjønnes-utvalet etter leiaren Kåre Gjønnes, var eit offentleg utval som sette saman ei utgreiing om tilhøvet mellom kyrkje og stat i Noreg. Føremålet med utvalet var å gje Stortinget eit vidt grunnlag for å avgjere om statskyrkjeordninga skulle vidareførast, reformerast eller avviklast. Utvalet vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon av 14. mars 2003.
Utvalet la fram utgreiinga og innstillinga si i dokumentet NOU: 2006: 2 Staten og Den norske kirke[1] til Kultur- og kyrkjedepartementet tysdag 31. januar 2006.
Utvalet si oppgåve
[endre | endre wikiteksten]Utvalet skulle ta utgangspunkt i at den norske kyrkja skulld halde fram med å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje, og vurdere åtte skilde punkt:
- Statskyrkjeordninga i heilskap, som ho var utforma og virka i Noreg.
- Mogelege eller ønskelege reformer innanfor ramma av det som på rimeleg vis kunne karakteriserast som ei statskyrkje.
- Alternativ til statskyrkjeordninga og overgangsordningar under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
- Finansiering av kyrkjeleg verksemd, og under det; spørsmål knytt til medlemsavgift, livssynsavgift, skatt og statlege/kommunale løyvingar.
- Gravferdsforvaltinga
- Ordningar for å halde ved like freda og verneverdige kyrkjer.
- Eigedomsretten til kyrkjer og kyrkjegardar, andre aktuelle eigedomar, Opplysningsvesenets fond med meir under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
- Kva konsekvensar framlagte endringar i kyrkjeordninga kunne kome til å ha for mellom anna oppsluttinga om Den norske kyrkja, for det andelege livet, kyrkjeleg undervising og diakoni, for kulturen vår og verdigrunnlaget i folket..
Medlemmer i utvalet
[endre | endre wikiteksten]- Leiar: Kåre Gjønnes (fylkesmann)
- Nestleiar: Marit Tingelstad (pensjonist)
- Jorund Andersen (lagsskrivar)
- Per-Otto Gullaksen (domprost)
- Jens-Petter Johnsen (sokneprest)
- Helge Kolstad (lærar)
- Per Oskar Kjølaas (biskop)
- Hildur Larsen (husmor)
- Lena Larsen (førstekonsulent)
- Vibeke Limi (prosjektleiar)
- Inge Lønning (stortingsrepresentant)
- Kjell Nordstokke (forstandar)
- Dag Nygård (generalskrivar)
- Ingar Samset (spesialrådgjevar)
- Bente Sandvig (fagsjef)
- Hege Fjellheim Sarre (kulturkonsulent)
- Fredrik Sejersted (advokat)
- Anfin Skaaheim (generalskrivar)
- Hege Steinsland (kyrkjeverje)
- Pia Svensgaard (høgskulelektor)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar