Gilboa regionale kommune
Gilboa regionale kommune | |||
regional kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°33′01″N 35°23′42″E / 32.55028°N 35.39500°E | ||
Areal | 25 km² | ||
Folketal | 22 000 | ||
Gilboa regionale kommune 32°33′01″N 35°23′42″E / 32.550277777778°N 35.395°E | |||
Kart som viser Gilboa regionale kommune.
| |||
Wikimedia Commons: HaGilboa Regional Council |
Gilboa regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגלבוע, Mo'atza Azorit Gilbo'a) er ein regional kommune nord i Israel, i fjellsida av Gilboa. Det bur kring 22 000 innbyggjarar her fordelt på 38 busetjingar. Storleiken på kommunen er kring 250 000 dekar.
Han grensar i nord og vest til Jezreeldalen og Jezreeldalen regionale kommune, i sør til Samariafjella og i aust til Beit She'an-dalen og Beit She'an-dalen regionale kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gilboafjella som grensar til Jezreeldalen frå sør og Beit She'an-dalen få vest dannar ein del av vasskiljet i Israel. I 1921 bygde 75 mann frå arbeidsgruppa til Joseph Trumpeldor ein teltleir nær Ma'ayan Harod. Dei fleste av dei var emigrantar til Israel under den andre Aliyah, og somme kom i den tredje Aliyah. Somme av dei var medlemmar av Hashomer. Programmet gjekk ut på å «bygge opp landet med eit generelt kollektiv av israelske arbeidarar.» Etter to månader kom ei gruppe til i dei austlege område Jezreeldalen og slo seg ned på åsen Tel Hassan, som no heiter Tel Yosef. Dei andre busetjingane vart bygde seinare.
Busetjingar
[endre | endre wikiteksten]Busetjingar i Gilboa regionale kommune:
Kibbutzar
Moshavar
Fellesbusetnader
Arabiske landsbyar
Tidlegare landsbyar
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Jordbruk
[endre | endre wikiteksten]Det vert drive mykje forskjellig jordbruk i kommunen. Det vanlegaste er bomull, kveite, drivhus og andre industrielle plantasjar, blomar, åkrar, fisketjern, kyr og kylling.
Industri
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzim i kommunen har bygd mange fabrikkar: Shimurim i Beit HaShita; metallhandsaming i Beit Alfa, Moledet, Ein Harod og Beit Yosef; tømmerarbeid i Beit HaShita og Ein Harod; elektronikk i Yizre'el; nøtteknekking i Geva; plastikk i Heftzibah og Ram On; trykking og ornamentering i Moledet og Tel Yosef.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gilboa Regional Council» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2008-01-21 ved Wayback Machine. (he)