Gersau
Utsjånad
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Gersau er ein kommune og distrikt i kantonen Schwyz i Sveits. Kommunen har 2 094 innbyggjarar (2010) og eit areal på 24 km². Han ligg ved breidda av Vierwaldstättersee. Gersau var i mange hundreår ein sjølvstendig bystat i permanent allianse med Det sveitsiske eidssambandet.
Fram til midten av 1800-talet kunne ein berre nå Gersau over vatnet eller over Gätterlipasset frå Lauerz. Sidan 1817 har han vore den einaste kommunen i distriktet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gersau» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.