Gangspel
Utsjånad
Gangspel eller forhalingsvinsj er ein roterande vertikal trommel - noko smalare over midten enn ved endane - som blir bruka til å heva eller flytta tunge gjenstandar, særleg i samband med sjøfart. Det fungerer ved at ein legg løkker av tau, kablar, kjetting eller trosser over trommelen som blir låst av i seg sjølv. Gangspel blir nytta til overføring av sterke horisontale drag i trosser ved forhaling. Ved nokre høve kan ein også løfta anker med gangspel.
På handdrivne gangspel stikk ein lange, lause spakar inn i hol i toppen av speltrommelen, og ein eller fleire personar er på kvar spak.[1]
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gangspill». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 8. august 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Gangspill» frå Wikipedia på bokmål, den 8. august 2018.