Fylkesveg 569
Utsjånad
Fylkesveg 569 | |||
---|---|---|---|
569 | |||
Gjennom Stamnes i Vaksdal | |||
Strekning | |||
Dalseid i Vaksdal – Flotane i Lindås | |||
Informasjon | |||
Lengd | 49,1 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
- Sjå òg Fylkesveg 569 (fleirtyding)
Fylkesveg 569 (Fv569) går mellom Dalseid i Vaksdal og Flotane i Lindås. Veglengda er 49,1 km.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dalseid - Eidslandet
[endre | endre wikiteksten]Vegen mellom Dalseid og Bolstadstraumen bru vart bygd mellom 1920 og 1939. Vegen er smal, med fem korte tunnelar. I 1997 vart to nye, breiare tunnelar opna. Vegen mellom Eidslandet og Stamnes vart bygd mellom 1935 og 1957, med til saman ni tunnelar og to kortare bruer. Bolstadstraumen bru vart opna i 1963. Fram til brua vart bygd gjekk det skyssbåt over fjorden.
Vegen mellom Dalseid og Eidslandet er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- Dalseid
- Langarenntunnelane I og II (24 og 32 m)
- Småtunnelane III, II og I (31, 20 og 48 m)
- Flagabergtunnelen (138 m)
- Geitabotntunnelen (70 m)
- Bolstadstraumen bru (ca. 140 m)
- Vikastølstunnelen (62 m)
- Vikabergtunnelen (47 m)
- Stamnestunnelen (68 m)
- Stamneshella
- Otterstadntunnelen (80 m)
- Fv341 frå Kallestadsund over Kallestadsundet bru til Storevikja på Osterøy (0,9 km)
- Hesjedalstunnelen (669 m)
- Eikjetotunnelen (638 m)
- Høgabergtunnelen (633 m)
- Åsentunnelane II og I (91 og 106 m)
- Eidslandet
- Fv344 frå Høvik til Gullbrå (35,6 km) → Evanger
- Modalstunnelen (3451 m)
- Fv345 frå Modalen til Steinsland (22,0 km)
- Fv346 frå Nye Otterstad bru til Mo sentrum (0,7 km)
- Klubbentunnelane II og I (179 og 94 m)
- Slottsporten (950 m)
- Mostraumtunnelen (748 m)
- Fuglebergtunnelen (2077 m)
- Høydalstunnelen (528 m)
- Flotane
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Dalseid - Eidslandet)