Fuzzy-logikk
Utsjånad
Fuzzylogikk inneber at ein baserer avgjerder på 'godt nok' eller 'nær nok' vurderingar. Det finst mange former for fuzzylogikk og mange ulike algoritmar for å berekne nærleik.
Eit døme er innan namnematching. Ein person som heiter Petter Hansen kan feilaktig registrerast som Peter Hansen eller Petter Hanssen. Dermed kan dublettar i registeret oppstå, og ein får behov for å slå saman variasjonar av éit individ. No er berre namn ein svak indikasjon åleine, men om ein veit til dømes alder og adresse òg, aukar sannsynet for match.
I fuzzylogikk ville ein til dømes kunne slå saman dobbeltregistreringar på folk med same eller nesten same namn, gjeve at alder og adresse eller nesten same adresse stemmer.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fuzzylogikk» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2011.