Freistingsfjellet
Utsjånad
Freistingsfjellet er sagt å vere fjellet i Judeaørkenen der Jesus var freista av djevelen (Matteus 4,8). Det eigentlege fjellet er ukjend og umogeleg å avgjere. Det vert likevel generelt rekna for å vere Quarantania, eit fjell som er 366 meter høgt, og ligg 11 km nordvest for Jeriko på Vestbreidda.
På fjellet ligg det gresk-ortodokse Freistingsfjellet kloster eller «Qarantal». Oppom Qarantal, på toppen av klippa, står ein mur, som er ruinane etter ei hashemoneisk festning kalla Dok – Dagon.
I 1998 vart det bygde ein 1300 meter lang kabelvogn frå Tel Sultan i Jeriko til klosteret som ein turistattraksjon.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mount of Temptation» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: