Franco Menichelli
Franco Menichelli | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 3. august 1941 (83 år) Roma |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 1968, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's rings |
Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjenste |
Franco Menichelli (fødd 3. august 1941) er ein italiensk tidlegare turnar frå Roma. Han vart i 1964 olympisk meister i frittståande og 1965 europameister i mangekamp.
Menichelli vann to bronsemedaljar då Sommar-OL 1960 vart arrangert i heimbyen hans. Den eine kom i frittståande, den andre i lagkampen med Italia. To år seinare kom han atter på bronseplass i frittståande då Turn-VM 1962 vart avvikla i Praha. Frå dei olympiske leikane 1964 i Tokyo reiste Menichelli heim med gull frå frittståande, sølv i ringar og bronse i skranke. Året etter vart han i Antwerpen europameister i mangekamp. Sidan vann han to bronsemedaljar i Turn-VM 1966, og han vart tredjemann i europameisterskapen 1967. Han skulle delta i Sommar-OL 1968, men skada seg og la opp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Franco Menichelli» frå Wikipedia på tysk, den 23. mars 2024.
- «Franco Menichelli» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1941
- Italienske turnarar
- Olympiske meistrar for Italia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1960
- Gymnastar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1964
- Gymnastar under sommar-OL 1964
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1968
- Gymnastar under sommar-OL 1968
- Europameistrar i turn