Hopp til innhald

François de Malherbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François de Malherbe

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1555
Caen
Død

16. oktober 1628 (73 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent, omsetjar, litteraturkritikar
Språk fransk
Born Marc-Antoine de Malherbe
François de Malherbe på Commons

François de Malherbe (1. januar 155516. oktober 1628) var ein fransk poet og litteraturteoretikar som gjekk inn for strikte former, sjølvtøyming og ein rein diksjon. Verka hans bana veg for franskklassisismen.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Malherbe var fødd i ein protestantisk dommarfamilie i Caen nord i Frankrike. Han studerte rettsvitskap ved Universitetet i Caen, der han vanka i humanistiske sirklar og forfatta dei fyrste dikta sine, og i Basel og i Heidelberg, som på den tida begge var kalvinistiske høgborger.

Embetsmann

[endre | endre wikiteksten]

I 1577 konverterte Malherbe til katolisismen og blei sekretær for den kongelege statthaldaren i Provence, den litteraturinteresserte uekte sonen til kong Henrik II, Henri d'Angoulême, som dessutan var Grand Prieur, det vil seia overhovud, for den franske greina av Maltesarordenen.

I 1581 gifta Malherbe seg i Aix-en-Provence med dottera av hovuddommaren for den høgaste domstolen (parlement) for Provence.

Det fyrste publiserte diktet til Malherbe var Les Larmes de Saint Pierre i 1587. Dei fyrste verka hans (kortare eller lengre lyriske tekstar) er prega av italienske førebilete og av diktinga til Pléiade-skulen, det vil seia lyrikargenerasjonen før hans eigen. Då vernaren hans Henri d'Angoulême blei drepen i 1586 i ein av dei akutte fasane av dei franske religionskrigane, den åttande hugenottkrigen, vende Malherbe tilbake til Caen og blei bydommar der.

Frå 1595 budde han likevel i Aix igjen, og blei etter kvart allment kjend. I vennskap med nokre advokatar, filosofen Guillaume du Vaire og akademikaren Nicolas-Claude Fabri de Peiresc utvikla han kunsten sin, som mellom anna resulterte i eit ode til dronning Marie de Médici, som gjorde han kjend. Han blei hoffdiktar for Henrik IV, og fekk mellom anna Honorat de Bueil Racan og François Maynard som lærlingar.

Det mest innverknadsrike verket hans omfattar mellom anna omsetjingar av Seneca den yngre og Titus Livius, eit hundretals brev til Peiresc og kommentarar til verk av Philippe Desportes. Hans eiga dikting er likevel blitt kritisert som tankefattig og repetitiv, sjølv om dei fremste dikta viser både harmoni og styrke.